Lesemeister + leselekse = tilpassa lesetrening

“Den samme leseleksa passer ikke for alle”  (Lundetræ, 2018)

Mykje lesetrening er kjempeviktig for dei yngste elevane, men den same leseleksa passar ikkje for alle, seier førsteamanuensis Kjersti Lundetræ (2018) i eit innlegg frå Lesesenteret. Opplæringslova §1-3 Tilpasset opplæring skal sikre at alle elevar får ei opplæring basert på føresetnader og behov, og det er læraren sitt ansvar å sørgje for at dette skjer i praksis. Er du ein av dei skulane som ikkje har leksefri skule? Skal du planlegge leselekse til elevane dine? Då kan Lesemeister vere eit spennande alternativ!

Lundetræ (2018) viser til sju konkrete råd til lærarar som skal gje leselekser: 

1. VELG EI LEKSE SOM PASSAR TIL ELEVEN
Som lærar kan du i Lesemeister velje å sende bøker til elevane dine. Dette gjev rom for tilpassing til den enkelte elev. Dette tek tid tenkjer du? Ja, då er det enno godt at du kan velje både nivå og sjanger på Lesemeister. Her får du opp eit kvalitetssikra utval å velje mellom. I tillegg er bøkene multimodale, med eit godt samspel mellom tekst og illustrasjonar.

Sende utfordring til enkeltelevar, steg for steg:

2. LA ELEVANE MØTE ORTOGRAFISKE UTFORDRINGAR I MEININGSFULLE TEKSTAR
I Lesemeister har vi eit utval spennande faktabøker for barn – meiningsfulle og multimodale bøker som engasjerer! Mangeårig lærar og skuleforskar Anne Håland (2018) tipsar om å velje varierte tekstar.  


Eksempel: “Den første måneferden”

3. HA ANDRE MÅL ENN BERRE AVKODING
Lesing = avkoding x forståing. Eit mål er at elevane skal hugse det dei les. Eit eksempel: Les faktaboka “Den første måneferden”, vel ut to fakta frå boka du synes var ekstra interessante. Skriv dei ned i skrivebok/google docs, alt ettersom.

4. LA ELEVANE LESE HØGT
Leselekse kan vere å lese høgt for nokon heime. I Lesemeister-tenesten kan eleven ta opptak og lese inn teksten sjølv. Kanskje eleven høyrer nokon feil sjølv? Her er rom for sjølvrefleksjon.

5. REPETERT LESING? GJER DET MED OMHU
I Lesemeister kan elevane lese teksten med lyd, utan lyd og ta opp opptak og høyre si eiga lesing. Her har eleven allereie repetert teksten tre gongar!

6. SAMARBEID MED FORELDRA
God dialog med foreldra er viktig. Her kan du få mykje viktig informasjon om eleven! Lærarar får opp leselogg hos den enkelte elev, og kan følgje med på kva eleven har lest. Har ikkje eleven lest ei einaste side i lekse dei siste dagane/vekene? Her er det rom for å kunne følgje med på om leseleksa heime faktisk blir opna!


Oversikt over enkeltelev


Statistikk, heile klassen

7. VURDER LESETRENING PÅ ANDRE ARENAER
Dersom du ikkje tenkjer å bruke Lesemeister som leselekse – kva med å bruke det i ein undervisningstime? Konkrete tips til bruk av Lesemeister i undervisning kjem seinare.

 

Skrive av:
Lina Rebekka Kobberstad
Lærar og kundekonsulent i Lesemeister

Litteratur

Håland, A. (2018). Gode tips til leseleksa. Henta frå: https://lesesenteret.uis.no/om-lesesenteret/aktuelt/gode-tips-til-leseleksa-article124136-12719.html?articleID=124136&categoryID=12719

Lundetræ, K. (2018). Den samme leseleksa passer ikke for alle. Henta frå: https://lesesenteret.uis.no/leseopplaering/lesing-i-grunnskolen/den-samme-leseleksa-passer-ikke-for-alle-article124502-12552.html

Opplæringslova. (1998). Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa. Henta frå https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1998-07-17-61