Rune Vindenes

Presentasjon av Samlaget

Vi samarbeidar med fleire flinke forlag som bidrar med digitale bøker til Lesemeister. I dag vil vi presentere www.samlaget.no, som står for dei aller fleste nynorsktitlane:

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk og norske målføre. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for og høgare utdanning. Samlaget har lang tradisjon med omsetjing og utgiving av sentrale internasjonale titlar, både samtidsbøker og klassikarar.

Samlaget blei stifta i 1868 og har i 150 år fremja nynorsk språk og litteratur. Engasjerte forfattarar og tilsette i forlaget bidreg til eit stort mangfald av utgivingar av høg kvalitet. Vi ønskjer å nå ulike lesegrupper med gode bøker på nynorsk. Barn og unge er ei viktig målgruppe for forlaget.

Samlaget har som mål å dyrke fram dei gode forfattarane og utvikle dei gode bøkene. Forlaget er stolt over å forvalte forfattarskapa til forfattarar som Jon Fosse, Agnes Ravatn, Maria Parr, Olaug Nilssen, Elena Ferrante og Olav H. Hauge.

Forlaget ønskjer å vere framoverlente i møte med den nye tida og dei teknologiske nyvinningane den kjem med. Vi har difor vore med på å utvikle den interaktive leseplattformen Lesemeister.no. Nynorsk litteratur skal vere tilgjengelig der lesarane er, om det er i tradisjonell bokhandel eller på nettbaserte tenester.