10 på topp

Fra august til oktober var følgende bøker på Lesemeister på topp 10-listen:

Tittel Sider
Den pysete katten  54684
Alle mann i forsvar  32313
Ballongmamma 30617
Apropos forelska 28962
Unni og Gunni gjer det fint 28713
Unni og Gunni reiser 27460
Æsj! 26043
Bestevener 24206
Den krokete mannen 22412
Bronto Biff på Café Olala 22197

Den gode litteratursamtalen (1.-2.trinn)

Dersom elevane opplev at deira stemmer, erfaringar og synspunkt blir høyrt og svara på, kan litterære samtalar auke engasjement for lesing (Udir, 2015). Anne Håland (2018) er samd i dette, kor ho seier at skjønnlitterære tekstar er gode utgangspunkt for engasjerande, litterære samtalar i norskundervisning, som vi lærarar bør utnytte.

Anne Karin Skarðhamar (2011, s.85) skil mellom ulike typar tekstspørsmål; identifikasjonsspørsmål, refleksjonsspørsmål og overføringsspørsmål.  Identifikasjonsspørsmål gjev rom for personleg innleving og bind litteraturen til lesaren: Har du vore redd nokon gong? Har du gjort noko bra for andre nokon gong?
Refleksjonsspørsmål opnar for å reflektere over samanhengar i teksten: kvifor trur du Ida lo av Erik? Kvifor trur du Ida gjorde slik?”
Overføringsspørsmål viser samanheng mellom tekst og verda utanfor teksten: kunne dette skjedd?  

HUGS: Ha fokus på å stille opne spørsmål, ikkje kontrollspørsmål. Spør kvifor eleven svarer slik for å få fram tankar og refleksjonar hos eleven. Dette skapar god dialog i klasserommet. Eksempel: ”Kunne dette skjedd på ekte? nei, seier Erik. Kvifor kunne ikkje dette skjedd på ekte, Erik?”. Ver impulsiv og open for svara frå elevane.

Viktige spørsmål å stille seg før arbeidet startar:
– Kva bok skal eg velje basert på mi elevgruppe? Sjanger, nivå..
– Kva er målet med arbeidet?
– Kva type spørsmål skal eg stille?

Følgjande kjem nokre tips til korleis gå fram i ein litterær samtale frå DEN PYSETE KATTEN for 1.-2.trinn, henta frå Lesemeister. Dette kan både vere samtale i etterkant av gitt leselekse, eller eit opplegg som skal brukast i norsktimar.

 

 

 

Kompetansemål etter 2.trinn:
– Språk, litteratur og kultur:
“Samtale om hvordan ord og bilde virker sammen i bildebøker og andre bildemedier”
– Muntlig kommunikasjon:
“Lytte til tekster på bokmål og nynorsk og samtale om dem”

1. FØR

Det er tre måtar å gå fram på når elevane skal finne boka Den pysete katten:
1. Legg boka i “klassens bokhylle”.

2. Elevane kan finne boka sjølv inne på Lesemeister.

3. Bli venn med alle elevane dine på Lesemeister. Velg deretter ut ei bok som du sender til elevane dine.

HUGS: boka kan spelast av med lyd, dersom det skulle vere nokon i klassen som av ulike grunnar ikkje har føresetnader for å lese eller har behov for støtte.

Som lærar kan du følgje med på eleven sin leselogg om boka er lese. Har alle lest? Då har du ein god føresetnad for å skape ein litterær samtale i klasserommet.


Her finn du elevane


Her er du inne på den enkelte elev


Her ser du statistikk over leseaktiviteten til klassa di

Gje gjerne elevane nokre konkrete ting å tenke på før/medan dei les:
–  Kva veit du om kattar?
–  Kva er Steinar redd for?
–  Kva trur du Steinar følte i starten av boka?
–  Kva trur du Steinar følte i slutten av boka?

2. I UNDERVISNING

Start undervisningsøkta med å la elevane snakke saman to og to om det dei hugsar frå boka. Ut i frå dette kan du gå rett på elevpara: kva hugsar DYKK frå boka? Dette ufarleggjer situasjonen, ved å trekke fokus frå den enkelte elev sine meiningar og tankar. Ta framsida på boka opp på skjerm etter kvart, i tilfelle nokon treng ekstra støtte for å kome i gong med samtalen. Kanskje elevane hugsar meir når dei ser bilete av framsida?

Eksempel på spørsmål du kan stille:
– Identifikasjonsspørsmål:
Kva veit de om kattar? Kva et dei? Kvar bur dei? Kva likar dei å leike med? Kva er dei redde for?
– Refleksjonsspørsmål:
Kvifor trur du katten er så redd? Kvifor kallar alle Steinar for Pyse-katten? Er han eigentleg redd? Passar overskrifta “Den pysete katten” til Steinar?- Overføringsspørsmål:
Har de sett ein redd katt nokon gong? Har de sett ein katt som jaktar på ei mus nokon gong?

Avslutning og oppsummering
Som avslutning på den litterære samtalen kan dykk avslutte med QUIZ frå boka Den pysete katten. Ut i frå elevgruppa du har kan dette utførast på ulike måtar. Skal elevane svare individuelt? I par? I grupper?

 

 

 

Finn den løysinga  som inkluderer alle elevar i din klasse til å kunne delta.  Her er nokre tips:

– Muntlig, i fellesskap: Quizen er oppe på Smartboard eller anna skjerm.Lærar les opp spørsmål og svar. Dette inkluderar både dei som er sterke visuelt og auditivt.

– Skriftlig, I fellesskap: Quizen er oppe på Smartboarden, Lærar les opp spørsmål og svar, elevar har fått utdelt ark med spørsmål og skal sette kryss for riktig svar.

– På nettbrett eller anna datamaskin: Elevar svarer individuelt/to og to/i grupper inne på Lesemeister.

 

 

NYTTIG INFORMASJON:

På Lesemeister kan du gå inn på den enkelte elev sine utførte Quizar og sjå kva resultat eleven fekk. I dette tilfellet fekk eleven “Sondre test” 20% rett score ->

 

 

 

 

 

 

Nøkkelord: Litteratursamtale, identifikasjonsspørsmål, refleksjonsspørsmål, overføringsspørsmål, opne spørsmål, dialog

 

Skrive av:
Lina Rebekka Kobberstad,
Lærar og kundekonsulent i Lesemeister

 

Litteratur

Rognved, E. (2018). Gode tips til leseleksa. Henta frå: https://lesesenteret.uis.no/om-lesesenteret/aktuelt/gode-tips-til-leseleksa-article124136-12719.html?articleID=124136&categoryID=12719

Skarðhamar, A. K. (2011): Litteraturundervisning i teori og praksis. Oslo: Universitetsforlaget

Utdanningsdirektoratet. (2015). Hvordan gjennomføre litterære samtaler. Henta frå: https://www.udir.no/laring-og-trivsel/lareplanverket/grunnleggende-ferdigheter/lesing/lesing-i-fag/Lesing-i-norsk1/Hvordan-gjennomfore-litterare-samtaler/

Bestill Lesemeister rett fra www.lesemeister.no

Nå er det mulig å bestille Lesemester til din skole rett fra lesemester.no. Se etter bestillingslenke på hovedsiden. Man kan bestille for hele skolen eller for utvalgte klasser. Vi har fått mange gode tilbakemeldinger på Lesemester, og vil gjerne ha enda flere!

Og har dere tilbakemelding på bestillingsskjema, så vi vil gjerne høre om det også:-) Her er direkte lenke til det: https://goo.gl/ELPy7w

Ta kontakt her på facebook, på support@lesemester.no eller ring meg direkte på 95 85 73 72.

Med vennlig hilsen
Rune Vindenes
Daglig leder