I den magiske datamaskinen

Dette undervisningstipset brukar boka “I den magiske datamaskinen”

Formål

Formålet med denne boka er å lære korleis datamaskina er bygd opp og korleis det heile heng saman. Datamaskin og teknologiske verktøy er eit viktig og aktuelt tema i skular i dag, og denne boka kan lære opp både store og små gjennom forteljing og gode illustrasjonar!

Kompetansemål etter 4.trinn

Norsk:
Lese tekstar av ulike typar på bokmål og nynorsk med samanheng og forståing.
Finne informasjon ved å kombinere ord og illustrasjon i tekstar på skjerm og papir.
Lese, reflektere over og samtale om eigne og andre sine tekstar

 

1. Førkunnskapar:  Bruk gjerne tankekart. Kva veit vi om datamaskiner frå før? Kva heiter dei ulike delane på ei datamaskin?

2. Start av boka: Les boka i plenum med boka oppe på Smartboard eller anna skjerm. Denne boka brukar forteljing for å formidle fakta, og det kan vere behov for å stoppe opp og prate om enkelte sider. Men fyrst; bruk tid på å lese og snakke om dei ulike figurane. Dette står i to av dei fyrste sidene i boka (sjå biletet under). Kven er figurane vi møter i boka?

3. Aktivitet etter lesing: I andre del av boka er det oppgåver til dei ulike kapitla. Her kan du velje mellom klipp og lim, diskusjonsoppgåver og skriveoppgåver. For variasjon i undervisninga kan de velje å lese eitt kapittel for deretter å jobbe med oppgavene knytt til kapittelet.

4. Oppsummering: Fyll på tankekartet. Kva meir veit vi om datamaskiner no etter å ha lest boka? Ein fin måte å repetere og oppsummere økta på.

 

 

Leave a comment