Om selskapet

Idè

Det er viktig å lesa

Det er viktig at elevar i den norske grunnskulen les ofte og mykje. Det gjer dei betre rusta til å fungera godt i dagens informasjonssamfunn. Å knekka lesekoden er første steg, og etter det må dei trena ofte og mykje og innøva forskjellige lesestrategiar

Leseferdigheitene kan forbetras

Forskning syner at meir enn 40% av elevar i 5. klasse har middels eller dårlege leseferdigheiter, og jenter er flinkare enn gutar (https://www.udir.no/pirls2016).

Sjølv om det har vore framgong dei siste åra, er det viktig å halde fokus på å hjelpe elevar med leseferdigheitene.

Digital revolusjon i skulen

Dei fleste grunnskular har eitt eller fleire klassesett med datamaskiner eller nettbrett. Mange skuler har og innført ein-til-ein dekning; ein personleg datamaskin eller nettbrett per elev. Dette er framtida, og om få år vil personlig datamaskin eller nettbrett i grunnskulen vera normalen. Då er det og viktig at det finnes gode digitale læremiddel som hjelper elevane å lesa på nett.

Ideen til Lesemeister blei til med dette som bakteppe:

  • Det er viktig at elevane les mykje og ofte
  • Det skjer ein digital revolusjon i skulen.

I Lesemeister samlar vi litteratur av høg kvalitet frå forlaga, og set det inn i ein kontekst som skal gjere det gøy og motiverande for elevane:

  • Samle lesepoeng
  • Lese med og utan lyd
  • Ta opp eiga lesestemme
  • Ta quiz etter at du har lest
  • Sende leseutfordring til lesevener

Og siste men ikkje minst: Lærar/skule/kommune kan følgje med på kor mykje og kor ofte elevane les i eit eige administrasjonsgrensesnitt.

 

Selskapet

Selskapet bak Lesemeister heiter ePekebok AS. Vi er eit lite selskap med kontor i Oslo og Bergen (hovudkontor). Selskapet er eigd av dei ansatte samt BAN Bergen. Vi samarbeidar tett og godt med dei norske forlaga om innhald til Lesemeister. Dei ansatte har fleire års erfaring frå skule-, teknologi- og forlagsbransjen.

I tillegg til å levera Lesemeister, står vi og bak tenesta www.tapbookauthor.com, eit verktøy som dei fleste forlaga i Norge nyttar for å produsere e-bøker.

Historie

ePekebok blei etablert i 2012 av grunder Sondre Skaug Bjørnebekk. I dei første åra jobba vi med www.tapbookauthor.com

Arbeidet med å lage Lesemeister startet i 2016. I tett samarbeid med Det Norske Samlaget og med støtte frå Innovasjon Norge vart Lesemeister lansert som pilotteneste våren 2017. Cirka 100 skuler var med å prøve ut Lesemeister, og vi fikk mange verdifulle tilbakemeldingar frå lærarar.

I september 2017 vart Lesemeister lansert som fullverdig teneste. Sidan den gong har vi fått fleire kommunar og skular på kundelista, og vi forbetrar tenesta fortlaupand for å tilfredsstilla krav frå lærarar og elevar.

Teamet

  • Rune Vindenes – dagleg leiar og salssjef
  • Sondre Skaug Bjørnebekk – Teknisk sjef
  • Kristin Leknes – Selgar
  • Kim Myrvang – Økonomisjef
  • Utviklingsavdeling i Norge/Romaina

Styret

  • Sondre Skaug Bjørnebekk
  • Fredrik Medby Hagen
  • Bjørn Terje Bakken
  • Roald Brekkhus (BAN Bergen)