Teikneseriar i skulen

Vi har inngått samarbeid med Egmont kids media nordic. Det vil sei vi har fått inn 11 nye titlar frå DONALDS VERDENSHISTORIE – OLDTIDEN og boka NORDLYS. I den anledning slår Lesemeister eit slag for teikneseriar i skulen!

 

 

“84% av de med høy Donald-leseglede har også høy generell leseglede” (Leseglede)

Teikneseriar har mange fordelar. Donald duck er fyrst og fremst basert på humor, spenning og fantasi – både for gutar og jenter! Dette vil igjen skape motivasjon og auka leselyst, som er essensielt for alle elevar uavhengig av nivå.

Teikneseriar er multimodale. Dei brukar både tekstboksar, tekstbobler og bilete for å få fram handlinga. Å hente ut informasjon frå ulike modalitetar er noko elevane møter både i lærebøker og i samfunnet elles, og er dermed ein viktig ferdigheit eleven tek med seg vidare. Opplæringslova §1-3 skal sikre at alle elevar får tilpassa opplæring. For dei som er lesesvake og treng tilpassa lesetrening er teikneseriar gode nettopp fordi dei er multimodale. Det er lite tekst og bileta støttar teksten. Forskarar seier at det likevel er høgt nivå på innhaldet, som skaper motivasjon for vidare lesing (Rønning, 2016).  

Tegneserier skaper leseglede, og som lesetrening er tegneserier undervurdert (VG, 2018). Kronikken i VG peikar også på at handlinga er forut si tid med at “vi har en ungkar som tar til seg sine tre små nevøer, og en enslig kvinne som nekter å presses inn i noe fast forhold”. Dette kan vere eit  tema ein trekk fram i undervisinga ang. haldningar. Kva er eigentleg “normalt” i dag og kven har bestemt at kva som er normalt? 

 

Det viktigaste er at eleven får lesetrening og mestringskjensle – og vi har trua på at teikneseriar kan auke lesemotivasjonen i klasserommet!

 

VG (2018) Tegneserier på timeplanen. Henta frå https://www.vg.no/nyheter/meninger/i/EoAjao/tegneserier-paa-timeplanen
Leseglede, henta frå https://leseglede.digitalebilag.no/professor-slar-fast-tegneserier-er-nyttige/
Rønning, H. (2016). Vil ha tegneserier inn i alle klasserom. Henta frå https://www.nrk.no/vestfold/xl/mener-tegneserier-ma-inn-i-varmen-1.12783680