Undervisningstips 3.- 4.trinn

Dei hemmelege superheltane

 

 

 

 

 

 

Samlaget si beskriving av boka

Willi, Mikke og Jonny har ein hemmeleg klubb: Dei er ”Dei beste”, og dei les helst superheltteikneseriar. Men ein dag kjem dei tre vennene på sporet av ei superstor hemmelegheit, og plutseleg står superheltane framfor dei i levande live. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapt for å stimulere og inspirere ferske lesarar

Kompetansemål etter 4. trinn

Samtale om innhald og form i samansette tekstar
Gje uttrykk for eigne tankar og opplevelingar om barnelitteratur
Finne informasjon ved å kombinere ord og illustrasjon i tekstar på skjerm og papir
Lese, reflektere over og samtale om eigne og andre sine tekstar
Lese tekstar av ulike typer på bokmål og nynorsk med samanheng og forståing
Samhandle med andre gjennom samtale og diskusjon

OBS! Dette er eit generelt boktips – om du synes ei anna bok passa betre til dine elevar finn du ei som passar betre. Føresetnadane til elevane kan variere stort i eit klasserom, lag gjerne ei bokhylle på Lesemeister med eit utval av bøker på ulike nivå elevar kan velje mellom.

Dersom nokon elevar treng lydstøtte kan denne boka spelast av MED lyd.

Før lesing

Dersom alle elevane skal lese denne boka, eller den same boka, kan det vere fint å starte lesestunda med ein introduksjon av boka i fellesskap.
Identifikasjonsspørsmål gjev rom for personleg innleving og bind litteraturen til lesaren: Er det nokon superheltar du likar godt? Har du leika superhelt nokon gong?
Det kan også vere nyttig å bruke BO-metoden (bilde og overskrift) for å sjå på samanheng med bilete og tekst, og på den måten trekke inn kompetansemålet om å snakke om innhald og form i samansette tekstar.

Etter lesing

Her er det rom for ein god litterær samtale med elevane. Skap dialog i klasserommet gjennom refleksjonsspørsmål og overføringsspørsmål:

Refleksjonsspørsmål opnar for å reflektere over samanhengar i teksten: kvifor trur du dei kalla mannen i platesjappa “surmulen”? Kvifor stod det “inngong forbode” på døra i butikken trur du?
Overføringsspørsmål viser samanheng mellom tekst og verda utanfor teksten: Kunne dette skjedd på ekte? kvifor/kvifor ikkje?

Avslutning

Oppsummering og avrunding av ei undervisingsøkt, i dette tilfellet lesestunda, er fint for elevane si oppleving av samanheng i undervisinga. Oppsummering er også viktig for elevane si læring og utvikling.  

Det er quiz til denne boka: 5 spørsmål med tre svaralternativ. Det er også fint å bruke bokrapport i slutten av lesestunda, her får elevane  bevisstgjort og reflektert over kva dei nettopp har lese. Tips til utforming av bokrapport finn du i forrige blogginnlegg HER

 

 

Skrive av
Lina Rebekka Kobberstad
Lærar og kundekonsulent i Lesemeister

Leave a comment